16. juni 2026

Deling gjort enkelt

Av Sognaalmenningen

NyttMetode
Deling gjort enkelt

Gode tankar fortener å bli delte. Studio Campus er staden der me går frå «me burde laga noko» til «me laga det». Sognaalmenningen er både handling og deling, her ligg alt til rette for deling.

Sognaalmenningen har to delar. Den eine er Skap i lag: møterom, verkstader og fasiliterte økter der folk løyser flokar saman. Den andre er Snakk i lag: å få det som blir tenkt og skapt, ut til verda. Studio Campus er deling gjort enkelt.

Studio Campus er eit profesjonelt innhaldsstudio i 3. etasje på Campus Sogndal. Eitt rom, to riggar – ein for podcast og ein for video og strøyming. Éin operatør køyrer begge. Du treng korkje eige utstyr eller teknisk kompetanse. Du kjem med historia di; resten er tilrettelagt.

Studioet er ikkje eit mediehus som overtek prosjektet ditt. Det er ein infrastruktur du kan bruke, med hjelp til å kome i gang og ei kopling til fellesskapet og publiseringsflyten i Sognaalmenningen. Slik blir terskelen lågare: frå idé til ferdig episode, frå «nokon burde høyre dette» til at nokon faktisk høyrer det.

Det er dette deling gjort enkelt betyr. Aktørar på Campus og i regionen sit på kunnskap, erfaring og forteljingar som er verdt å høyre. Studio Campus tek bort det som plar stå i vegen – utstyret, rommet og det tekniske – så det berre er sjølve forteljinga att.

Har du noko du vil dele, men manglar staden å gjere det? Det er nettopp det Studio Campus er til for. Ein stad for å snakke i lag.