Om Sognaalmenningen

Sognaalmenningen er ein fasilitert møteplass og innovasjonsarena på Campus Sogndal. Her samlast verksemder, organisasjonar og kommunar frå heile regionen til økter der konkrete problemstillingar blir til konkrete løysingar.

Skap i lag. Snakk i lag.

Sognaalmenningen spring ut frå den tenkinga som har skapt campus slik det er i dag. Ordet almenning har lange tradisjonar både i Sogn og resten av landet, og dreg dei lange linjene: Ein open og inkluderande møteplass der idear kan vekse, samarbeid kan oppstå og nye moglegheiter kan realiserast. Sognaalmenningen skal vere der dei store og små samtalane finn stad, der ulike perspektiv møtest og der framtida vert forma i fellesskap gjennom å gå frå ord til handling.

Her kan organisasjonar ta med seg problem eller mogelegheiter, og går heim med ei løysing som er klar til å bli omsett til handling. Gjennom fasiliterte, utforskande og lærande arbeidsøkter får ein hjelp til å gå frå floke eller fluff til konkret neste steg.

For kven?

Sognaalmenningen er for alle som har eit initiativ. Den er skapt for å vere eit bidrag til fellesskapet på Campus Sogndal si utvikling, der aktørane kjenner kvarandre og møter kvarandre i kvardagen. Samstundes er ingen ekskludert: om du har lyst å dra vekslar på energien og skaparkrafta på Campus for ein dag, så er du hjarteleg velkommen!

Slik jobbar me

Sognaalmenningen har to delar:

  1. Skap i lag: ei fasilitatert arbeidsøkt der ein får hjelp som losar deltakarane gjennom ein rosessen – frå å forstå problemet, via eit rikt utval av idear, til eit konkret neste steg som kan omsetjast til handling. Les meir om korleis det funkar her.
  2. Snakk i lag: eit moderne studio der ein kan produsere digitalt innhald i form av lyd og bilde i profesjonell studiokvalitet - gjort så enkelt at kven som helst kan gjere det når som helst. Det som vert delt har endå større sjansar for å bli realisert.

Kven står bak?

Sognaalmenningen er eit samarbeid mellom Fosshaugane AS, Sogn Næring og Selseng & Systaddal. Den tekniske løysinga for gjennomføring av arbeidsøkter heiter Aula, og er utvikla av Travers. Studio Campus er eit samarbeid mellom Fosshaugane AS, Amazing Fjords og Selseng & Systaddal.