14. september 2026

No kan du booke studioet

Av Helle Selseng og Joakim Systaddal

Nytt
No kan du booke studioet

Studio Campus står klar til bruk i tredje etasje på Campus Sogndal. Samstundes er studiocampus.no relansert med booking: du vel format og tid sjølv, og får svar i løpet av dagen.

Sognaalmenningen har alltid hatt to halvdelar. «Skap i lag» er romma i Svingen der folk tek med seg ein floke og går heim med eit neste steg. «Snakk i lag» er å få det som blir tenkt og skapt, ut til nokon som har bruk for det. Den siste halvdelen har vore under etablering. No er den på plass, også som eit fysisk rom.

Eitt rom, to riggar

Studio Campus ligg i tredje etasje. Eitt rom med to riggar: ein for podkast og ein for video og strøyming. Éin operatør kan køyre begge. Du treng verken eige utstyr eller teknisk kompetanse.

Studioet tek ikkje over prosjektet ditt. Det er ein infrastruktur du kan bruke. Du kjem med det du har å seie, utstyret står klart.

Fire ting du kan lage

  • Samtale i studio. Fagsamtalen eller podkastepisoden, to til fire personar rundt bordet.
  • Solo-innspeling. Webinaret, kursinnhaldet eller innlegget du vil ha på film.
  • Intervju og kortportrett. Éin person, éi forteljing.
  • Live-strøyming. Webinar eller arrangement sendt direkte ut.

Eller du kan sjølvsagt tilpasse det ditt eige opplegg. Det er kort og godt opp til deg.

Slik bookar du

På studiocampus.no vel du formatet som passar, og finn ei ledig tid i kalenderen. Tida blir halden av med ein gong du sender førespurnaden, så ingen andre kan ta den medan du ventar. Me stadfestar innan ein arbeidsdag.

Studioet er ope på kvardagar mellom klokka 09 og 21. Du må booke minst 48 timar fram i tid, slik at me rekk å rigge og stille med operatør. Om du er ute i siste liten kan det godt vere mogeleg å ordne, send oss i så fall ei melding.

Me brukar det sjølve

Sogndalspraten, samtaleflata til Sognaalmenningen, blir spelt inn her. Rolf Navarsete om korleis Campus Sogndal vart til, Torgeir Strypet om damefotballen og unge leiarar. Studioet er alt i bruk, og det fungerer.

Eit spleiselag

Fosshaugane AS eig lokala, Amazing Fjords AS eig utstyret, og Selseng & Systaddal driftar studioet. Det er eit Campus-samarbeid slik det skal vere, og akkurat slik ein almenning fungerer: ressursane ligg der, og dei skal delast.

Har du noko å fortelje, men har manglar staden å gjere det? No finst den. Book på studiocampus.no.