10. juni 2026

Slik fungerer ei fasilitert økt

Av Sognaalmenningen

Metode
Slik fungerer ei fasilitert økt

Frå utfordring eller mogelegheit til praktisk handling på tre timar. Dette er lovnaden til dei som brukar Sognaalmenningen. Høyrest dette ut som noko for deg?

Sognaalmenningen handlar om å finne gode løysingar saman. For å få dette til nyttar me prinsippa frå designmetodikk, ein måte å jobbe på som har dokumentert effekt når ein skal finne gode løysingar saman. Særleg dei som ikkje er heilt rett fram.

På Sognaalmenningen startar alt med eit initiativ: nokon som vil noko. Det kan vere ei utfordring som ikkje har noko openbar og enkelt løysing, eller ein mogelegheit som krev noko for fleire om ein skal lukkast.

Steg ein er å bli godt kjent med problemet. Første steg er å finne ut kva slags problem det er: enkelt, komplisert eller komplekst. Sognaalmenningen er særleg god for å løyse dei siste, problema som har mange og uklare samanhengar, og som endrar seg medan ein jobbar.

Ei økt i Sognaalmenningen kan sjå slik ut:

  1. Ta kontakt med initiativet ditt. Eit lite lag av fasilitatorar står klar for å hjelpe deg å spisse problemstillinga, og planlegge kven, kva og når.
  2. Køyr økt! Initiativtakar må sette av ein time ekstra: ein halvtime før, og ein halvtime etter økta for førebuing og oppsummering. Sjølve økta, med dei deltakarane som er invitert, tek nøyaktig 3 timar. Den startar med å forstå problemet djupt og saman, for så å finne ut kva som er første steg på vegen mot ei ønska løysing. Når økta er ferdig har gruppa gitt og fått innsikt, bidrege med kvalitetssikring, kreativitet og risikostyring, og laga sitt beste forslag til neste steg.
  3. Gå i gang! No er det berre ditt eige initiativ (og eventuelle andre begrensingar du måtte ha) som står i vegen for å skape bevegelse og utvikling. Og du har truleg skaffa deg eit lag av allierte som kan hjelpe deg vidare.

Praktisk info:

  • Alt av utstyr står klart. Du kan komme som du er, resten er tilrettelagt og fasilitert.
  • Prosessane er alltid fasilitert av nokon som kan metodikken. Dei held tida, sikrar at metoden vert følgt, og bidreg til at det faktisk vert mogeleg å handle på resultatet.
  • Arbeidet er analogt, resultatet er digitalt. Sognaalmenningen er bygd på det siste av KI-forsterka digitale verktøy, som sikrar dokumentasjon, oppsummeringar og datafangst. Dette får du til odel og eige ved slutten av økta.

Har du eit initiativ som du er nysgjerrig på om kunne ha funka her? Ta kontakt, då vel!