15. juni 2026
Velkomen til Sognaalmenningen
Av Sognaalmenningen

Korleis kan Sogndal og Campus halde fram med å utvikle seg? Sognaalmenningen er ein arena for møte mellom menneske. Her kan folk hente det beste frå kvarandre, til det beste for fellesskapet.
Sognaalmenningen er ein fasilitert innovasjons- og møtestad på Campus Sogndal. Det betyr ein møteplass som er utforma for handling. Her får ein prosesshjelp for å ta ned og konkretisere gode idear, løyse vanskelege flokar - eller berre søke inspirasjon frå nokon andre sitt perspektiv.
Målet med Sognaalmenningen er å dyrke ulikskapen til det beste for fellesskapet. Campus Sogndal er ein fysisk møtestad for mange grupper: studentar, elevar, næringsliv, idrett, akademia, forsking og frivillige. Desse er knallgode kvar for seg, på Sognaalmenningen kan ein bli endå betre saman.
For å få dette til nyttar ein det beste frå lærande og undersøkande arbeidsprosessar. Det betyr at du kan komme med eit initaitiv, og få hjelp til å ta det steg for steg frå idé til handling.
Sognaalmenningen er eit samarbeid mellom Fosshaugane AS, Sogn Næring AS og Selseng & Systaddal AS.